Etter 20-års drift er fartøyet godt innkjørt og treng ei klassing for å kartlegge rikets tilstand.
Når fisken var fanga i 2020 starta vi like godt klassing av Synes ved Frydenbø i Ålesund i desember. Dette skulle gjerast hos Westcon Yards i Florø og starte 3. januar. Men ein del av jobbane kunne vi starte på før når båten likavel låg still. Inspeksjoner av tanker og testing av akslingsgenerator vart gjort i Ålesund. Denne måtte takast ut og sendast til Moss for å vikle den opp igjen. I fabrikken vart det ikkje gjort so mykje, sidan omygginga der i sommer. Men vi valgte å ta ut IQF-en for å få betre plass på styrbord side, og legge ut tre buffere for å kunne bufre meir fisk framme i fabrikken.
So segla båten til Florø rett over nyttår, og dokka inn ett par dagar seinare enn planlagt. Vi var litt nervøse og gjennomføringa av ein så omfattande jobb, midt i covid-19 pandemien var krevjande. Men vi opplevde at både verft og hotell la til rette for at dette kunne gjerast på ein måte der smittevernhygiena vart ivaretatt.
Westcon var svært effektive og kasta seg rund på alle jobber. Det mest omfattande i tid var kassekjølere som er vanskelege å kome til og litt trangt i forhold til folk. Oppfølging frå verftet ved Olaf Rimmen var god, og våre folk bidrog. Audun og Lars Ole hadde full kontroll og fekk starta raskt på dei mest tidskrevjande jobbane. Vi hadde planlagt å dokke ut igjen etter to veker, og store mengder jobb skulle gjerast. Den lille forsinkelsen som kom, var grunna båten vi delte dokka med. Synes var klar etter planen.
Ting går ikkje alltid på skinner, og vi fekk utfordringer med å få laga sjablonger til logoen på skutesida. Dette tok for lang tid, og vi kom i ein posisjon der vi risikerte å ikkje få fullføre malingsjobben. Men ved hjelp av Up & Away Digital og kanskje litt Covid-19, klarte vi å kome i kontakt med ein som dreiv med lys og lyd. han hadde ein kraftig prosjektor som ikkje var brukt nok i mangel av konserter. To kvelder stilte han opp og prosjekterte logoen på båten, og vi fekk maskert rundt og mala. Resultatet vart bra, og det er utruleg kva ein kan få til når folk engasjerer seg.
Eit godt gjennomført opphold hos Westcon. Vi kjem gjerne igjen. Resultatet vart bra, og vi fekk sjå betydninga av å ha ein god og detaljert plan i forkant av oppholdet.