Vårfiske på hysekanten
Årets hysefiske for havfiskeflåten er godt i gang. I skyggenav skrei og NVG-sild foregår det årlege fisket etter nordøstarktisk hyse i densokalla hysekanten. Det er fasinerende å sjå på AISen, samlinga av norsketrålere i jakt på hysa. Hysa er den foretrekte fisken hos våre britiske venner,frityrstekt med chips. Og i ei kort periode er den tilgjengeleg for fiske herute, relativt reint, med lite innblanding av andre artar. Dette er heiltnødvendig for å kunne levere eit kvalitetsprodukt. Hysefiskeriet i 2020 var på88 000 tonn, dette er eit stort volum, men det er under totalkvota på 110 000tonn. Noko kunne overførast til i år, men 12 000 tonn gjekk tapt fornorske fiskere. Det er derfor nødvendig å fange den når den er tilgjengeleg.
Hysa er ein skjør fisk, som tåler lite håndtering og miksmed andre arter. Men med rett fokus, små hal og flinke folk i fabrikken går detan å lage eit utruleg godt sjøfryst produkt. Ombord i Molnes vert kvar hyse bedøvd,bløgga og får tid til å blø ut før den vert hodekappa og sløyd. Det å levere hysemed god kvalitet er verkeleg eit team arbeid. I tillegg til fiskarane ifabrikken, er maskinistane ein nøkkel i å få maskinene til å skjære fiskenrett. Dette er og vanskelegare på hysa enn på andre artar, men avgjerande forat kjøparane får rett utbytte på fisken dei kjøper av oss.