Kultur-, næring- og folkehelseutvalet har i dag vedtatt å gi Miljøprisen 2022 til Nordic Wildfish. Dei får prisen for engasjementet sitt for å redusere den marine forsøplinga, ved å vise ansvar og vere eit forbilde.
Artikkel deles med tillatelse fra Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Publisert: 30.11.22
- Nordic Wildfish er eit forbilde for andre som driv innan fiskeribransjen i Møre og Romsdal. Dei er med på å bevisstgjere næringa om kva påverknad dei har på havet og det marine miljøet, og på å skape haldningsendringar blant tilsette og alle som jobbar med havnæringar, seier Henrik Stensønes (Sp), leiar kultur-, næring- og folkehelseutvalet.
Nordic Wildfish er eit reiarlagfrå Valderøya i Giske kommune. Dei har fokus på berekraftig hausting og ein miljøvenleg produksjon. Nordic Wildfish ser at dei sjølve og fiskeindustrien er ein del av problemet med marin forsøpling og derfor har dei tatt store grep for å hindre spreiing av plast og marint avfall. Tilsette deltek i ryddeaksjonar for å bli bevisst konsekvensane av marin forsøpling. I tillegg deltek Nordic Wildfish i «Fishing for litter» som hentar i land mista fiskeutstyr. Nordic Wildfish håper at ved at dei går føre vil andre følge etter. Dei ønskjer eit reint hav, og dei er avhengig av reint hav for å ha ei næring i framtida.
Om miljøprisen
Møre og Romsdal fylkeskommune har kvart år sidan 2009 delt ut ein miljøpris til nokon som har gjort eit særleg fortenestefullt arbeid innafor områda berekraftig utvikling, klima, biomangfald, forureining eller alternativ og fornybar energi. Miljøprisen skal vere ein stimulans til miljøarbeidet i fylket. Sjølve prisen blir delt ut under fylkestingsamlinga i desember og består av eit kunstverk av ein lokal kunstnar og 15 000 kroner. I år kom det inn forslag til 10 kandidatar som på ulikt vis har vist eit sterkt engasjement for klima og miljø. Sidan 2009 har prisen blitt delt ut til ulike formål og til både enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar. Desse har fått miljøprisen tidlegare:
2021: Gomalandet SFO
2020: Vartdal Plast AS
2019: Ulrik Sandøy Sørensen
2018: Sødahlhuset AS
2017: Plastfritt Giske
2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS
2015: Stranda Prolog AS
2014: Naturvernforbundet
2013: Standal knuseverk AS
2012: Alv Ottar Folkestad
2011: Norsøk
2010: Olav Bye
2009: Runde miljøsenter